Ruta planleggast. Foto:Tarjei Langeland

Styret

Styreleiar: Vegard Arnetveit Liland (kontakt: 952 27 366)

Nestleiar: Per Jarle Hjellum

Kasserer: Siv Madsen

Styremedlemer:

  • Quynh Le

  • Tarjei Olav Langeland

  • Roger løfaldli Auset

  • Thomas Gåsøy

  • Mira Eide Fjellestad

  • Espen Aldeholm Rysjedal

Årsmøter

Historien

Florø klatreklubb blei stifta 23. august 2004, etter initiativ frå Kolbjørn Nesje Nybø og Linda Bakken. Stiftarane var eit knapt tjuetalls «svartklatrarar» frå Florø. Klubben vart stifta for å få bedre driv på utviklinga av utendørs klatrefelt i nærleiken av byen, samt for å registere og gjere Flora sine klatremål meir kjent for omverda.

I dei første åra fram til våren 2007 foregikk innendørsaktivitetane i klatreveggen på Torvmyrane skule. I april 2007 var den nye 14 meter høge (og breie!) Sunnfjordveggen ved Florø Idrettsenter ferdig, og det meste av innendørs klatreaktivitet foregår no der.

Utendørs felt er utvikla i Grytadalen nordaust for byen. Det fins og nokre bolta ruter på sørsiden av Haukåvatnet. Ei bolta rute på rasteplassen på Klavelandet, og nokre få på utsida av Sundefjellstunnelen.

Klatring i uklatra fjellvegger har stått Florø klatrernes hjerte nært, og det fins mange uklatra fjellvegger rundt byen. Håsteinen, eit stykke inn i fjorden (vegg med 5-8 taulengder), er eit godt eksempel, og det same er øya Store Batalden som byr på 4-6 taulengder klatring på alle nivå – og ei fantastisk havutsikt. Øya Lille Batalden byr også på spennande konglomeatklatring (maks to taulengder) og grotter. Ålfotmassivet «mellom» Svelgen og Florø har eit utall uklatra vegger, men det er ein relativt lang anmarsj til det mest spektakulære som Maritinden. Men, det er kort veg til spennande og viktige klatremål som Hornelen og Kvamsheten med omegn.

 

Lokasjon

Sunnfjordveggen og buldrerommet finn du i Florø Idrettssenter,
Professor Gjelsvikveg 20, 6906 Florø