Foto: Tarjei Langeland

Brattkort

Det krevs brattkort for å sikre ein som klatrar (i tau) i Sunnfjordveggen.

Brattkort er ei sertifiseringsordning danna for å ivareta sikkerheit og kompetanse ved tauklatring og innvilgas via bestått brattkortprøve. Florø Klatreklubb har instruktørar som held innføringskurs og brattkortprøver.


Gå innføringskurs

Innføringskurset er for nybyrjarar og du treng ikkje erfaring frå før for å delta. Kurset tek for seg det grunnleggjande for utøving av trygg og sikker sikring og klatring innandørs. Kurset er hos oss obligatorisk for å kunne ta brattkortprøven.

Aldersgrense for kurs og brattkort er 13 år, sjå meir om det lenger ned.

Kurset kostar 1400kr. Prisen inkluderer utstyr under kurs og gratis klatring hos oss i 1 månad.

Komande kurs:

Innføringskurs | 12.-13.mars 2024 (tysdag-onsdag)


Ta brattkortprøven

Brattkortprøven er lagt opp som ei klatreøkt med instruktør for å vise at du har kunnskapen og ferdigheita for å opptre sikkert i klatreveggen. Meir informasjon om brattkort og brattkortprøven finn du hos Norges Klatreforbund.

Brattkortprøven kan bestillast hos oss etter endt innføringskurs ved å sende oss ein e-post. Brattkortprøven inkludert utstyr er inkludert i kursavgiften.

Vi anbefalar å øve mellom kurs og prøve! Det kan du gjere hos oss så lenge ein brattkortinnhaver passer på.


Få brattkortet

Aldersgrensa for å motta brattkort er 13 år. Mindreårige mellom 13 og 18 år som demonstrerer tilstrekkeleg modenheit og sikkerhetsinnsikt kan, etter grundig vurdering og foresattes samtykke, godkjennast for kort. Før fylte 18 år er foresatte ansvarlege for at innehavarar av kort held kunnskapen ved like. 

Etter bestått brattkortprøve kan brattkortet bestillast via brattkompetanse.no.
Merk at NKF tek 300kr for å registrere nytt brattkort (dette er ikkje inkludert i kursavgifta).