Brattkortkurs – ny dato! 18-19. april

Då vert det mogleg å ta kurs i innandørs klatring. Kurset vert halde ved Florø Idrettssenter 18-19 april. Ein må rekne med 4-5 timar både tirsdag og onsdag. Kurset startar kl 1800 begge dagar. Ved kursavslutning vert det halde «Brattkort»-test, og dei som består vil få Brattkort og dermed ha moglegheit til å klatre i klatreveggen ved Florø Idrettssenter.

Kursavgift er 950 kroner. Inkludert i kursavgifta er medlemskap i Florø Klatreklubb.

Aldersgrense er 16 år. Yngre barn (13-16) må ha med foreldre. Det er antalsavgrensing så dei som melder seg på først vil ha prioritet. Vert det for få påmelde vil kurset bli utsett.

Påmelding kan gjerast ved å sende e-post til:

floroklatreklubb@gmail.com

Meir informasjon om brattkort-ordninga finn de her.