Bli med oss

Florø Klatreklubb er driven på dugnad og vi treng alltid fleire med på laget.

Klatrevakter

Som klatrevakt er du viktig for oss. Du låser opp buldrerommet, tek ut utstyr og heng opp topptau til dei faste treningene. Under trening er bidrar du med sikring, eventuelt trening til brattkortprøve eller tek varmt i mot nye klatrarar. Etter trening sørger du for at alt er låst og ryddet.

Klatrevakter må ha brattkort og være medlem. Vi treng vakter til både barneklatringa og voksenklatringa kvar veke. Reint praktisk sett vi opp turnusliste for året og det er heilt valgfritt kor ofte du bidrar. Vi prøver alltid å ha to vakter per trening.

Klatrevaktene er ikkje ansvarlig for sikkerheiten eller sjølve treninga til dei som som klatrar. Dette ligg på den enkelte. Klatrevakter skal som alle andre brattkortholdere seie i frå visst dei ser åpenbare feil eller farlig sikring. Klatrevaktene kan gjerne sjølv klatre eller buldre så lenge det ikkje er behov for hjelp.

Lyst å bidra? Send oss ein e-post

Rutesettere

Kan du å skru ruter eller kanskje du vil lære det? Send oss ein e-post

Instruktører & trenere

Har du instruktørutdanning fra NKF eller NF og har lyst å halde kurs hos oss? Ta kontakt!

Ønsker du å ta NKF klatreinstruktør inne-kurset? FKK dekker kursavgift mot at du held kurs hos oss. Du må oppfylle NKFs opptakskrav og godkjennast av styret i Florø Klatreklubb.

Styre

Lyst å bidra i styret? Nye styremedlemmar velges inn på det ordinære årsmøtet. Send oss ein e-post