Regelverk for bruk av klatrevegg og ansvarserklæring

All klatring i klatreveggen/ buldreveggen skjer på eige ansvar.

Når du oppheld deg ved klatre-/ buldreveggen er det ditt ansvar at du ikkje vert treft av ein fallande klatrar, og at du ikkje uroar sikrar ved tauklatring.

Alle som på eigahand skal sikre under tauklatring, skal ha NKF sitt Bratt-/ ledkort, ev. topptaukort (for å klatre er det ikkje krav til kort).

Er du under 16 år har du kun annleiing til å sikre andre med sikringskort (brattkort). Barn opp til 13 år skal vere i følge med, og under oppsyn av vaksne.

Innehavarar av brattkort over 18 år kan rettleie andre i sikring. Rettleiaren er då ansvarleg for sikringa og skal stå på bakken og ha kontroll med (halde i) sikringsenden av tauet.

All form for betalt instruksjon/ kurs/ arrangement skal kun gå føre seg etter avtale med Florø Klatreklubb (FKK).

Alle som låner utstyr av FKK er ansvarlege for orden i utstyrsboden. Tau skal kveilast skikkeleg opp og alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk.

Ser du manglar, skader eller feil med utstyr i bruk eller i veggen, skal du melde frå til FKK.

Ser du feil bruk av utstyr, uvøren sikring eller klatring, pliktar du å melde frå til vedkommande. Ved alvorlege overtramp, meld frå til FKK.

Alle som klatrar i veggen er sjølve ansvarlege for at utstyret dei brukar (sele, tau, taubrems, skrukarabin) er godkjent og i god stand. Alt utstyr som brukast i veggen skal være godkjent av UIAA (CE-godkjenning).

Vi forventar at alle som skal benytte klatreveggen er kjend med, og følgjer, Klatrevettplakaten. Alltid gjere kameratsjekk, ha god kommunikasjon og alltid ha kontroll med (tak i) sikringsenden av tauet. FKK sine instruktørar har rett til å inndra sikringskort om det ikkje vert sikra på forsvarleg vis.

Florø Klatreklubb forpliktar seg til å halde veggen (klatretak, mellomforankringar og topptaufeste), samt tau og anna utstyr vi står for, i god og sikker stand.

ANSVARSERKLÆRING

Eg er klar over at klatring er risikofyllt og at klatring i veggen til Florø Klatreklubb skjer på eige ansvar.

Eg har lese klatrevettplakaten og gjort meg kjent med prosedyrer for sikker klatring.

Eg har lese regelverket for klatring i veggen til Florø klatreklubb og forpliktar meg med dette å følge det.