Brattkortkurs september 2017

Då vert det mogleg å ta kurs i innandørs klatring. Kurset vert halde ved Florø Idrettssenter 15-16 september. Ein må rekne med 4-5 timar både laurdag og søndag. Kurset startar kl 1200 begge dagar. Ved kursavslutning eller dei komande vekene vil det verte halde «Brattkort»-test, og dei som består vil få Brattkort og dermed ha moglegheit til å klatre i klatreveggen ved Florø Idrettssenter.

Kursavgift er 950 kroner. Inkludert i kursavgifta er medlemskap i Florø Klatreklubb.

Aldersgrense er 16 år. Yngre barn (14-16) må ha med foreldre. Det er antalsavgrensing så dei som melder seg på først vil ha prioritet. Vert det for få påmelde vil kurset bli utsett.

Påmelding kan gjerast ved å sende e-post til:

floroklatreklubb@gmail.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *